Norsk skilling

Skilling, Kong Hans (1483-1513), sølv. Advers til venstre. Revers til høgre

Skilling, frå lågtysk eller gammalengelsk, truleg diminutiv av skold, er ei mynteining som vart innført i Noreg tidleg på 1500-talet under kong Hans I. Kongen prega skillingsmynt m.a. i Bergen, medan erkebiskopen prega skillingsmynt i Nidaros.

På 1500-talet gjekk det tolv penningar på ein skilling. Frå 1625 var skillingen den minste eininga i den norske myntrekkja.[1] Han vart utmynta i nominal frå 1/2 til 48 skilling. Frå 1635 gjekk det 96 slike skillingar på ein riksdalar.

Skilling vart gjerne forkorta med teiknet ß.

  1. Historisk leksikon: «Skilling»

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search